BLÅVEISPIKEN

Det Norske Teatret/Riksteatret (1992-93)

Fra programteksten:
To jenter møtest. Begge har eit mørkt hol i minnet. Kvar for seg er dei som våte fyrstikker, saman blir dei dynamitt som utfordrar kvarandre til å opne stengde skap frå fortida. På ny må dei oppleve forvirringa til eit mishandla barn over ein far som skifter mellom å vere hyggeleg pappa og forheksa djevel. Og på ny opplever dei ei omverd som ikkje ser anna enn ein "trollunge" som blir verre og verre.

"Blåveispiken" er inspirert av sanne incest-historier frå vår tid, levandegjort i ei form der det mytiske blir blanda med det konkrete. Den naive barneteikninga har vore utgangspunktet for forteljarspråket. Her er mykje svart, kvit og raudruta humor. Gjennom situasjonar vi kjenner att, blir vi førte inn i erfaringar som ligg bakom det rasjonelle, frå dei forvrengde barnesongane til ein fem-åring til "Carmen-suget" i dei vaksne kvinnene og deira ønskje om hemn.

"Blåveispiken" tek opp den livsvarige kampen mellom gode og vonde krefter, korleis overleve med det skapande og det destruktive side om side og faren for å skyve det vonde unna med eit "dette har eg gløymt". Med nykomponert musikk og suggestiv scenografi er dette blitt eit stykke ny dramatikk ein sjeldan ser på norske scenar, spela i ei ikkje-verbal form som langtfrå er ordlaus.

 
 

TING SOM SMÅ PIKER LIKER

Spilt på kaféer og teatre over hele Norge (1990-95)

Hvem kan motstå lukten av epler, hvem vil gå glipp av en kvast syriner, eller et pust fra de gamle kjæresters sang? Hverken små eller store piker for hvem uttrykket "Heller mangle truse enn mangle hatt" er en eksistensiell sannhet.

 

HESTEN

Musikkvideo (1986)

Regissert av Rita Westvik, basert på Elsa Kvammes cabaret-fremføring av Jacques Brels Le Cheval.

Regissør: Rita Westvik
Manus: Elsa Kvamme
Produksjon: Narcissus Video
Co-produsent: Elsa Kvamme

 

Musikkutgivelser på iTunes: